By using this website you agree to our use of cookies. Read more about our use of cookies and how to remove or block them in our cookie notice.
Vi i Kvinnheringen skal styrka laget vårt med endå ein rådgivar/seljar for papiravisa og nettavisa.
Som den sterkaste marknadskanalen i Kvinnherad er vi på jakt etter ein seljar som kan bidra til å løfta oss ytterlegare. Vi ønskjer oss at du skal imponera våre kundar med gjennomtenkte råd og løysingar, som gir dei optimal effekt på marknadsinvesteringane.
Du blir ein del av vårt dyktige rådgivar- og salsteam i Amedia region Haugalandet, som saman jobbar for at kundane våre skal oppleva den beste effekten på sine marknadskampanjar. Du er i tillegg ein del av det landsdekkande nettverket i Amedia som bidrar til å sikra at du til ei kvar tid er oppdatert på trendar og endringar i marknaden. I tillegg til ulike kurs og samlingar, arrangerer Amedia årleg ein salskonferanse med fagleg påfyll og gode føredragshaldarar, der det òg blir delt ut prisar i ulike kategoriar til seljarar og rådgivarar som har prestert svært godt.
Våre ambisjonar er svært høge. Målet vårt er at vi skal "kjenna våre kundar best og gi dei best effekt".
Vi ser for oss at du har:
Har du ikkje kompetanse på alt dette no, men lærer raskt og er nysgjerrig på nye ting, kan du likevel vera den vi ser etter.
For at du skal lukkast trur vi det er viktig at:
Som rådgivande seljar har du ansvar for eigne salsbudsjett, for å byggja og utvikla eigen kundeportefølje, samt bistå øvrig salsteam med løysingar og sal.
Du er også med på å utvikla innhaldsmarknadskonsept og medfølgjande aktivitetar for å hjelpa kundane våre i å nå måla sine.
For rett person vil vi tilby spennande karriere- og utviklingsmoglegheiter i Kvinnheringen og eitt av dei mest offensive mediekonserna i Norge. I tillegg får du gode løns- og arbeidsvilkår, kontinuerleg kompetanseutvikling og gode kollegaer.
Les meir om korleis det er å vera tilsett i Amedia her.
Nøkkelord | Digitalt salg, Salg |
Bransjekategori | Media / Informasjon / PR |
Bransje | Trykte media |
Alternativ bransjekategori | Salg / Markedsføring |
Alternativ bransje | Markedsføring |
Arbeidsgiver | Kvinnheringen AS |
Husnes | |
5460 HUSNES | |
Nettside | www.kvinnheringen.no |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 01.08.2020 |
Arbeidsplass | Husnes |
Tittel | Rådgivar/seljar |
Sektor | Privat |
Omfang | Fast |
Antall stillinger | 1 |
Vidar Knædal Jenssen Salgsdirektør vidar.jenssen@amedia.no +4792488646 |