Skjåk kommune søkjer kommunalsjef for tenesteområdet miljø- og samfunnsutvikling
Kommunalsjefen har ansvar for tenestene som pr. i dag gjeld teknisk, næring, kultur, natur- og kraftforvaltning, beredskap, byggjesak, plan og miljø.
Kommunalsjefen inngår i kommunedirektøren si leiargruppe og representerer kommunedirektøren i politiske utval.
Oppgåver
- Overordna fagleg og økonomisk ansvar for tenesteområdet
- Tydeleg strategisk leiing med fokus på samspel, utvikling og innovasjon
- Følgje opp politiske vedtak
- Ta aktiv del i utvikling av lokalsamfunn og næringsliv
- Leggje til rette for strategisk kompetanseutvikling og rekruttering
Kvalifikasjonar
- Leiarerfaring med dokumenterte resultat frå større og komplekse organisasjonar
- Erfaring med omstillings- og utviklingsarbeid
- Kunnskap om dei ulike tenestene i miljø- og samfunnsutvikling
- Forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God økonomiforståing
Personlege eigenskapar
- Du er lyttande, målretta, strukturert og utviklingsorientert
- Du er god på kommunikasjon og medverkar til eit godt og effektivt samarbeid innan kommunen og overfor eksterne aktørar
- Du har stor arbeidskapasitet og er ein aktiv initiativtakar med stor gjennomføringskraft
- Du er innovativ med eit stort engasjement som påverkar dine medarbeidarar i ei positiv retning
- Du taklar press frå ulike interessegrupper og er trygg i mediehandtering
- Du arbeider strategisk
Skjåk kommune kan tilby
- Ein spennande jobb i ein utviklingsorientert organisasjon
- Pensjonsordning KLP
- Fleksibel arbeidstidsordning
Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunedirektør Ivar Bø 918 17 696, personalkonsulent Elin Bakke 997 56 690 eller til våre rådgjevarar i Skagerak Consulting, Jan Sebjørnsen Storstein 950 09 444 eller Tom R. Gogstad 951 75 241.
Søknadsfrist: 23. august 2020
Fram til søknadsfristen går ut vil alle førespurnader behandlast konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgjevar. Deretter vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Du vert varsla dersom unnatak frå offentleggjering ikkje vert teke til følgje.