Kundeansvarleg rådgjevar
Ser du etter ei stilling der du kan utvikle deg sjølv og bidra til å utvikle andre – og ein arbeidsgjevar som kan løfte deg vidare?
Vi kan bidra med dette dersom
Du har:
• Økonomiutdanning – med fokus på rekneskaps- og/eller revisjonsfag
• Gjerne autorisert rekneskapsførar eller registrert revisor
• God IT-forståing og lett for å forstå og ta i bruk ny teknologi
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Som person er du forretningsorientert, og du har eit sterkt ynskje om å prestere. Du er positiv, initiativrik og løysningsorientert. Du evnar å bygge og ta i vare gode relasjonar. Du vil være kontaktperson, konsulent og sparringspartnar for kundar, gje fortløpande rapportering, ha kommunikasjon med kundar og hjelpe med budsjettering og analysar. Som kundeansvarleg rådgjevar vil du vere ansvarleg for både eigne og andre sine kundar. Dersom du er autorisert rekneskapsførar vil du utføre kvalitetskontrollar av medarbeidarar.
Vi kan tilby:
Ein hektisk, variert og morosam kvardag med fleksibel arbeidstid, konkurransedyktige vilkår og ikkje minst eit godt arbeidsmiljø i dei trivelege lokala våre.
Søknadsfrist; snarast, men seinast innan 30.01.2021
Vil du vete meir om stillinga kan du ta kontakt med Jon Even Sørlie – Business Manager i Accountor Rekruttering & Innleie på telefon 971 60 844.
Du kan også kontakte avdelingsleiarane for våre kundeteam om du vil:
- Gloppen: Henriette Ansok Hatling, telefon 46 94 91 08
- Eid/Måløy: Hilde Langtangen, telefon 45 63 69 99
Alle førespurnader vert handtert konfidensielt. Søk gjerne på jobben ved å trykkje «søk stillinga».
For meir informasjon om Accountor, sjå www.accountor.no
Vi i Accountor arbeider med menneske – ikkje berre med tal!