By using this website you agree to our use of cookies. Read more about our use of cookies and how to remove or block them in our cookie notice.
Avisa Nordhordland søker etter ein journalist til eitt årsvikariat. Vi skal vere best på nyheiter i vårt område. Difor er vi på jakt etter deg som er engasjert, nysgjerrig og har vilje til å stå på.
Vi ser etter deg som:
– Har ein del journalistisk erfaring, og gjerne journalistutdanning
– Er engasjert, har drivkraft og blir motivert av gode resultat
– Meistrar nynorsk i noko grad. (Slapp av. Vi skal hjelpe deg!)
– Er glad i eit godt fellesskap med kollegaene dine, og bidrar naturleg til eit godt arbeidsmiljø
– Har førarkort på bil, likar å vere på farten og trivst i møte med folk
Lyst på jobben, men føler du ikkje kan hake av på alle kriteria? Søk likevel – du kjem langt med rett haldning og talent.
Hjå oss får du:
– 100 prosent vikariat i fast turnus.
– Ein spennande jobb i ein region der det skjer mykje og tempoet er høgt.
– Mogelegheit til å tileigne deg god journalistisk erfaring og kompetanse
– Utvikling og oppdatert kompetanse gjennom landets leiande lokalaviskonsern Amedia.
– Eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø med kollegaer som samarbeider tett.
Lokalkjennskap til regionen er ein fordel.
Spørsmål om stillinga kan rettast til konstituert redaktør Sirill Heimdal (tlf. 97716612) eller klubbleiar Synne Grimen Hammervoll (41626272).
Vil du vite mer om hvordan det er å jobbe i Amedia? Les her
Nøkkelord | Digital journalistikk, Journalistikk, Journalist |
Bransjekategori | Media / Informasjon / PR |
Bransje | Journalistikk |
Arbeidsgiver | Avisa Nordhordland AS |
Kvernhushaugane 12 | |
5914 ISDALSTØ | |
Nettside | www.nordhordland.no |
Tiltredelse | Snarest mogeleg |
Søknadsfrist | 01.03.2021 |
Arbeidsplass | Isdalstø |
Tittel | Journalist |
Sektor | Privat |
Stilling | Fulltid |
Omfang | Vikariat |
Antall stillinger | 1 |
Sirill Heimdal Konstituert ansvarlig redaktør sirill.heimdal@amedia.no +4797716612 |