By using this website you agree to our use of cookies. Read more about our use of cookies and how to remove or block them in our cookie notice.
Avisa Nordhordland er i ei positiv utvikling og opplever abonnementsvekst. No søkjer vi ny leiar for eit slagkraftig lokalt mediehus i Knarvik som leverer nyheiter og anna lokalt innhald til heile Nordhordland døgnet rundt, sju dagar i veka. Er dette noko for deg?
Om du har nokre års redaksjonell erfaring, aller helst leiarerfaring, og har lyst å vere leiar for ei lokalavis i vekst, bør du lese vidare. Avisa Nordhordland har ein sterk posisjon i ein spennande region og har store ambisjonar om vidare vekst. Avisa har dyktige folk i redaksjonen og salsavdelinga som kvar dag gjer sitt beste for å gi lesarar og annonsørar eit best mogleg produkt, både digitalt og på papir. No ser vi etter ein tydeleg lokalavisredaktør som står støtt i redaksjonelle avgjerder, og samtidig er ein pådrivar for den vidare digitale utviklinga. Om du er ein god motivator som får med andre på endring og er flink til å skape entusiasme, kan dette vere noko for deg.Om jobben
For å lykkast, trur vi rette kandidat har følgande erfaringar:
Kva ser vi etter?
Vi skal skape det beste arbeids- og utviklingsmiljøet i Nordhordland. Då treng vi den beste toppleiaren. For å lykkast, meiner vi følgande ferdigheiter er viktige:
Som ansvarleg redaktør og dagleg leiar vil du få eit samla leiaransvar for redaksjonell drift og utvikling, i tillegg til overordna ansvar for administrasjon i avisa. Salsavdelinga i avisa er organisert gjennom, og leia av, salssjef i Bergensavisen. Administrative støttefunksjonar er samla i fellesfunksjonar både i regionen og sentralt i Amedia. Du vil rapportere til styreleiar og regiondirektør i Amedia region Vest.
Vårt løfte til deg
Vi lovar deg ei rolle i ei lokalavis som betyr noko for folk i Nordhordland. Vi har eksistert sidan 1974, og er i rivande utvikling. Kvar dag serverer vi journalistikk og innhald som ligg tett opptil det lesarane snakkar om og er opptekne av. Vi har store ambisjonar om vidare vekst i åra som kjem. Vi har mediekonsernet Amedia med oss i denne ambisjonen, og du har dermed støtte frå mediebransjens beste utviklings- og analysemiljø.
Synest du dette er motiverande? Då bør du søkje, eller ta ein uforpliktande prat med vår rådgivar Bård Idås hos MeyerHaugen.Bransjekategori | Media / Informasjon / PR |
Bransje | Journalistikk |
Arbeidsgiver | Avisa Nordhordland AS |
kvernhushaugane 12 | |
5914 Idalstø | |
Nettside | www.nordhordland.no |
Søknadsfrist | snarest |
Tittel | Avisa Nordhordland søkjer ansvarleg redaktør og dagleg leiar |
Sektor | Privat |
Stilling | Fulltid |
Omfang | Fast |
Antall stillinger | 1 |
Svein Atle Huus Administrerede direktør/regiondirektør svein.huus@amedia.no +4795198504 |