Kundeansvarleg
Har du lyst til å bruke erfaringa di frå rekneskap og synst i tillegg at det er givande å byggje og vidareutvikle gode relasjonar? Som kundeansvarleg hos oss i Accountor er det nettopp den herlege kombinasjonen du får. Saman med 15 kollegaer ved våre kontor i Måløy og på Eid vil du jobbe med ulike oppdragsgjevararar; frå små til mellomstore verksemder i ei rekkje bransjar.
I utgangspunktet ser vi føre oss at du er autorisert rekneskapsførar, men viss du kan bli autorisert innan 1-2 år eller du har revisorbakgrunn er du også velkomen til å søke.
Rekneskapsbransjen er i omstilling; noko vi synst er fantastisk spennande. Grunnprinsippet vårt er det likevel det same som før, å la kundane fokusere på eiga verksemd medan vi tek oss av rekneskap, økonomi, løn og HR-relaterte oppgåver. Automatisering og digitalisering gjer at måten vi løyser desse oppgåvene på endrar seg; ei utvikling vi femnar om med begge armar.
Arbeidsoppgåver
- Vere kontaktperson, konsulent og sparringspartnar for våre kundar
- Eit breitt spekter av rekneskapsoppgåver, frå rapportering til årsoppgjer, budsjettering og analysar
- Du vil vere kundeansvarleg med eigen portefølje
Din bakgrunn
- Autorisert rekneskapsførar, eller kan bli det i løpet av 1-2 år, og/eller revisor
- Økonomiutdanning – med fokus på rekneskaps- og/eller revisjonsfag
- God rekneskapsforståing
- God IT-forståing og lett for å forstå og ta i bruk ny teknologi
- Gjerne kjennskap til Power Office Go, Visma Business, 24SevenOffice og/eller MS Office
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlige eigenskapar
- Du må vere flink med menneske og like å byggje og ta i vare gode relasjonar
- Du må vere forretningsorientert og ha eit sterkt ønskje om å lykkast
- Du må like å ta eige initiativ
Vi tilbyr
- Ei verksemd der du får jobbe både med menneske og tal
- Rom for å vekse fagleg, mellom anna gjennom Accountor Eduhouse og Accountor Academy
- Ei verksemd som ser positivt på endring
- Konkurransedyktige vilkår
Om oss
Vi er Nord-Europas største selskap innan rekneskap- og rådgjevingstenester. Vi leverar tenester innan rekneskap, rådgjeving, løn/personal og rekruttering/innleie.
Har du lyst til å vete meir om denne moglegheita kan du kontakte Jon Even Sørlie – Manager i Accountor Rekruttering & Innleie på telefon 971 60 844. Alle førespurnader handsamast konfidensielt.
Søk gjerne jobben gjennom å trykkje «Søk stillingen»
Søknadsfrist snarast. Intervju vert gjennomført fortlaupande.
Nøkkelord | Regnskap og Bokføring, Regnskapserfaring, Kundeforståelse, Regnskap A-Å, Kundebehandling, Kundeansvarlig, Revisjon, Kartlegge kunders behov, Regnskapsfører, Kundefokus, Kundedialog, Analysere kundebehov, Kundebevisst, Regnskap og Revisjon, Kartlegge kundebehov, Regnskapsarbeid, Regnskap og økonomi, Regnskap og budsjett, Regnskap, Rådgiver, Kundeansvar, Regnskapsanalyse, Regnskapsforståelse, Regnskap fra A til Å. |
Bransjekategori | Økonomi / Regnskap |
Bransje | Regnskap / Controlling |
Alternativ bransjekategori | Økonomi / Regnskap |
Alternativ bransje | Revisjon |