Er du oppteken av nyhende og vil ha ein spennande og variert jobb?
Kanskje har du ein eller fleire av desse personlege eigenskapane?
□ Du likar å arbeida sjølvstendig og vera kreativ, men kan òg samarbeida med andre
□ Du likar å snakka med folk og få fram dei gode historiene
□ Du er oppteken av det som skjer rundt deg i lokalsamfunnet og ser verdien av god lokaljournalistikk
□ Du likar å skriva og fotografera
Vi kan tilby:
✓ Eit svært godt arbeidsmiljø i eit digitalfokusert avishus på Husnes, i vakre Kvinnherad kommune
✓ Ei viktig rolle i ei lokalavis som skal bety noko for folk
✓ Variert og spennande arbeid, der du blir ein del av turnusen i redaksjo-nen
✓ Mange gode kurs og utviklingsmogelegheiter i landets største lokal-aviskonsern
✓ Eit nettverk av 900 journalistar i 81 lokalaviser som saman utviklar lokaljournalistikken
✓ Løn etter avtale
Vi kan tilpassa arbeidsoppgåvene til din kunnskap, di erfaring og dine sterke sider, men vi legg vekt på digital kompetanse og relevant erfaring. Du må ha førarkort og disponera bil, og kunna skriva god nynorsk. I tillegg til å vera skrivande, vil du også ha video, direkteoppdateringar, strøyming og andre publiseringskanalar som arbeidsverktøy. Har du kompetanse på frontredigering, vil du også få nytte av den. Vi forventar ikkje at du beherskar alt frå første dag, men du må vera open for å tenka og læra nytt.
Dersom dette virka spennande, send oss ein søknad med CV og referanse, då vel!
Søknadsfrist er 15. august.
Om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon, kontakt redaktør Mona Grønningen på mona@kvinnheringen.no, eller ring 99224355. Du kan også kontakta NJ-leiar Jonn Karl Sætre på jonn.karl@kvinnheringen.no eller ring 99520861.
Kvinnheringen er ei lokalavis eigd av Amedia, du kan lesa meir
her korleis det er å jobba i Amedia. (
https://karriere.amedia.no/)