Enivest AS er eit breibandsselskap i sterk positiv utvikling som arbeider aktivt med integrasjon av ulike tenester innanfor internett, datakommunikasjon, TV og strøymetenester, lagringsteneste, telefoni med meir. Vi er 60 tilsette fordelt på hovudkontor i Førde og avdelingskontor i Florø, Sogndal og på Sandane. Målt etter tal kundar og omsetnad er Enivest AS den største IKT verksemda i Sogn og Fjordane - som region i Vestland fylke.
Enivest riggar seg for vidare vekst, og vi ønskjer deg med på laget!
Som leiar for nett og samhandling får du muligheit til å forankre, iverksette og utvikle morgondagens nettløysingar i Sogn og Fjordane.
Ein robust infrastruktur innan tele- og kommunikasjonsteknologi er fundamentalt i dei fleste aspekt av vårt moderne samfunn. I løpet av det siste året har verdsbilete endra seg dramatisk - og følgelig har Enivest sitt samfunnsansvar blitt synliggjort i større grad. Som breibandsleverandør eig og driftar Enivest samfunnskritisk infrastruktur og tenester. Dette er eit ansvar vi tek på alvor, og vi er stolte av å kunne vise til ei stabil drift- og tenesteyting til våre kundar i privat og offentleg sektor gjennom pandemien.
Kva kan vi tilby deg?
Enivest skal være den foretrukne regionale leverandøren av breibandstenester til både bedrift- og privatmarknad. Vårt virke utspelar seg i ein spennande marknad prega av nasjonale aktørar, og vi er avhengig av å være “i forkant av utviklinga”. Du må difor trivst i eit miljø der beslutningsvegen er kort og gjennomføringskrafta er stor. Du skal være med på å ta dei viktige beslutningane og du skal leie teamet ditt mot spennande muligheiter som ligg i marknaden og for selskapet framover.
Stillinga byr på arbeidsoppgåver innan leiing av teknisk personell og ressursar, budsjettoppfølging, prosjektleiing og utvikling av team og nettverk.
Organisasjonsutvikling gjennom samhandling er eit svært viktig fokusområde i Enivest. Vi ser etter ein leiar som er inderlig opptatt av å skape synergi via tverrfaglige prosjekt og samarbeid på tvers av avdelingar. Vi kan tilby deg eit arbeidsmiljø der ein legg til rette for nye idear- og impulsar, og som “heiar fram” det nytenkande og kreative. Vi deler ditt engasjement om løysingar som skal vidareutvikle Enivest til det betre - både for kundar og for ansatte.
Det kan være ein fordel med teknisk forståing og bakgrunn, men ikkje eit krav.
Arbeidsoppgåver:
Vi ynskjer å komme i kontakt med deg som har erfaring frå personalledelse og/eller organisasjonsutvikling. Som leiar for nett og samhandling har du ansvar for å sikre at teamet har ei klar oppleving av retning, så vel som forståing for målsetnad. Gjennom inspirasjon og tydeleg leiarskap skal du koordinere teamet mot nye høgder, i ein bransje som er i stadig endring.
Du har kompetanse/kvalifikasjonar innan eit eller fleire av desse områda:
Om dette høyrast interessant ut vil vi råde deg til å søkje.
informasjon vedrørande søknaden vert handsama konfidensielt, også overfor vår oppdragsgjevar dersom dette er eit ønskje.
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.
Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterar Daniel Dvergsdal på tlf: 400 21 564, eller E-post: daniel.dvergsdal@randstad.no.
Nøkkelord | IT, Økonomi, Utvikling, Strategiutvikling, Ledelse |
Bransjekategori | IT / Telekommunikasjon / Internett |
Bransje | Forretningsutvikling |
Alternativ bransjekategori | Administrasjon / Kontor / Personal |
Alternativ bransje | Administrativ ledelse / HR Manager |
Arbeidsgiver | Enivest AS |
Firdavegen 5 | |
6800 FØRDE | |
Nettside | www.enivest.no |
Søknadsfrist | 11.08.2021 |
Arbeidsplass | Førde |
Tittel | Leiar - Nett og Samhandling |
Sektor | Privat |
Stilling | Fulltid |
Omfang | Fast |
Antall stillinger | 1 |
Daniel Dvergsdal Teamleder daniel.dvergsdal@randstad.no +4740021564 |