Den mest spennande prosjektdirektørstillinga på Vestlandet
Bybanen Utbygging er ein offentleg byggherre som skal planleggje, anskaffe og byggje Bybanen ut frå vedtekne reguleringsplanar, gjeldande regelverk og gjeldande tekniske spesifikasjonar med rett kvalitet og design. Dette skal gjerast til lågast mogleg kostnad og innanfor planlagt byggjetid. Det er ein fleksibel prosjektorganisasjon som i november 2022 hadde 50 tilsette og 40 innleigde. Dei ulike entreprenørane hadde kring 900 tilsette på jobb for å byggje Bybanen.
Så langt har Bybanen Utbygging ferdigstilt to linjer. Linje 1 går frå Bergen sentrum til Flesland og var ferdig utbygd 22. april 2017. Linje 2 går frå Bergen sentrum til Fyllingsdalen via Haukeland sjukehus og opna 21. november 2022. Bybanen Utbygging står framfor nye samfunnsoppdrag med krevjande faglege utfordringar og søkjer Prosjektdirektør.
Prosjektdirektøren i Bybanen Utbygging har det overordna ansvaret for planlegging, prosjektering og utbygging av Bybanen i samsvar med vedtak frå Miljøløftet, Bergen kommune og Vestland fylkeskommune. Bybanen skal planleggjast og byggjast slik at den blir godkjend innanfor gjeldande lover og forskrifter og innanfor fastsett sikkerheitsmål. Før overlevering skal Bybanen være prøvekøyrd, godkjent og klargjort for ordinær drift. Prosjektdirektør har ansvaret for at Bybaneprosjektet er bemanna, samt sikrar ei forsvarleg og rasjonell gjennomføring i tråd med vedtekne budsjett- og framdriftsplanar.
Prosjektdirektør set tydeleg retning for arbeidet for eit spennande og synleg samfunnsoppdrag i hjartet av Bergen. Det er ei krevjande stilling med tunge faglege utfordringar der ein leier ein erfaren, engasjert og dyktig prosjektorganisasjon gjennom dei ulike fasane av prosjektet.
Vi ser etter ein drivande leiar som går i front, likar store faglege utfordringar og som gjennomfører på tid og kost. Rett person er ein trygg leiar som byggjer tillit gjennom gode kommunikasjonsevner og kloke løysningsforslag.
Du har gjerne høgare utdanning innanfor ingeniørfag eller andre nærliggande fagområde, men tilstrekkeleg relevant arbeidserfaring frå tunge komplekse prosjekt kan kompensere utdanning. Du har minst ti års erfaring frå operativ prosjektleiing eller byggjeleiing for større, krevjande prosjekt. Du må ha interesse for det tekniske så vel som det økonomiske og vere rå på framdrift.
Vi ser for oss at du har leia større prosjekt hos entreprenørar og/eller har erfaring som byggherre i privat eller offentleg sektor. Du kan og ha erfaring frå rådgivande ingeniørselskap dersom dette er kopla med tidlegare operativ erfaring som prosjektleiar for større prosjekt med byggteknisk kompetanse og BREEAM. Du må ha stor arbeidskapasitet og evne til å delegere og vere sterk i risikostyring
Prosjektdirektør for Bybanen Utbygging rapporterer til avdelingsdirektør Mobilitet og Kollektivtransportavdelinga hos Vestland fylkeskommune. Bybanen Utbygging held til i Vestland fylke sitt flotte nybygg i Bergen sentrum.
I denne stillinga får du brukt alle sider av erfaringa di i eit viktig samfunnsoppdrag som reduserer klimautsleppa og utviklar Bergen til ein betre by!
Er du nysgjerrig, og vil vite meir om stillinga, er du velkomen å ta kontakt med partner Liv Braathen på 488 49 499 eller senior executive researcher Ahmer Sheikh på 902 82 915
Anna informasjon
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Tilsetjing skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk. Vi gjer merksam på at i følgje offentleg lova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Nøkkelord | Prosjektledelse, Bygg og anlegg, Infrastruktur, Bybanen, Prosjektdirektør, Ledelse, Prosjektsjef, Utbyggingsdirektør, Anleggsdirektør |
Bransjekategori | Ingeniøryrker |
Bransje | Bygg og anlegg |
Alternativ bransjekategori | Håndverk / Bygg / Anlegg / Mekanikk |
Alternativ bransje | Bygg og anlegg |