Har du økonomikompetanse? Me i Fedje er inne i ei spennande tid og treng deg på laget!
Økonomiavdelinga har ulike oppgåver innanfor rekneskap, løn, fakturering- og refusjonar. Me er ein viktig del av at kommunen skal nå sine mål og ha ei forsvarleg økonomiforvaltning som legg til rette for framtida. Me er ein organisasjon i utvikling og du må difor kunne rekne med nye oppgåver. Stillinga rapporterer til kommunalsjef HR/Forvaltning, med tett samhandling med toppleiarteamet og kommunedirektør.
Fedje kommune nyttar Visma som systemleverandør for både økonomi og HRM.
Arbeidsoppgåver
- Verksemdstyring og utvikling
- Samarbeid med økonomisjef om budsjett og årsmelding
- Holde kommunens HRM-system à jour
- Utbetaling og avstemming av lønn
- Økonomistyring, oppfølging og rettleiing
- Internkontroll
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på bachelorgradnivå i økonomi eller anna relevant utdanning/arbeidserfaring
- Gode IKT-kunnskapar
- Kunne snakke og skrive norsk på nivå C2
- Erfaring frå arbeid med rekneskap, lønnsutbetaling
- Fordel med erfaring frå liknande arbeid i kommunal sektor eller god kunnskap om offentleg forvaltning, lov og avtaleverk
Eigenskapar
- Evne til å arbeide både strategisk og operativt
- Nøyaktig og strukturert
- Kan arbeide sjølvstendig
- Humor og arbeidsglede
- Du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde
- Deler eigne og er open for andre sine tankar, idear og innspel
- God til å formidle, forankre og få folk med på laget
- Analytiske eigenskapar og utviklingsorientert
Me tilbyr
- Arbeidsvilkår i tråd med gjeldande tariffavtale
- Svært god pensjonsavtale i KLP
- Fagleg miljø med utfordrande oppgåver
- Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme kommunen
- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Flyttegodtgjersle etter avtale
- Fleksibel arbeidstid
- Gratis barnehage og eit godt oppvekstmiljø
- Fri bruk av skulen sitt svømmebasseng
- Eit variert kultur- og idrettstilbod
Ønskjer du å gjere ein skilnad saman med oss i vår kommune? Send søknad og CV via lenke.
Søknadsfrist 23.04.2023
For meir informasjon ta kontakt med: Kommunedirektør Berit Karin Rystad, 90619328
Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen i havet!