I Fedje kommune sitt opne lokale, Hjartebanken, har me no ledig stilling som miljøarbeidar i rus og psykisk helseteneste.
Om Hjartebanken og aktivitetstilboda våre
I rus og psykisk helseteneste i Fedje kommune har me i avdelinga Hjartebanken ulike lågterskeltilbod
som ligg til rette for sosialt samvære, aktivitet og møte mellom menneske.
No søkjer me ein fleksibel, kreativ og dyktig kollega som liker å organisere og gjennomføre aktivitetar for menneske i alle aldra. Me har mellom anna ein aktivitetskafé to dagar i veka. Dette er ein møteplass for vaksne og er open for alle. Me har småbornstreff ein dag i veka, som er ein møteplass for dei som har små born i alderen 0-6 år. Målsetjinga er å bidra til å byggje nettverk mellom vaksne og born via felles aktivitetar som leik og måltid. 4. -7. klasse har tilbod om "drop-in" ei dag i veka, dette er eit aktivitetstilbod der det er ulike aktivitetar og sal av mat.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for lågterskeltilbod for ulike aldersgrupper i kommunen
- Tilrettelegging, planlegging av aktivitetar i hjartebanken
- Gjennomføre og vere ansvarleg for dei ulike aktivitetane me har tilbod om
- Varebestilling
- Lage til enkle rettar
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, kreativ og engasjert
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- Har gode evner til å planlegge, leie og gjennomføre aktivitetar.
- Bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø, me likar godt humør og gjerne litt humor i ein travel kvardag
- Du er oppteken av brukarmedverknad og tenesteutvikling
- Du er god på å skape gode relasjonar
Kvalifikasjoner
- Fagbrev som helsefagarbeidar eller tilsvarande.
- Relevant yrkeserfaring kan erstatte krav om fagbrev
- Gode norskkunnskapar
Me tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø, gode og blide kollegaer
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Mogelegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Tilgang til symjehall og fleirbrukshall
- Gratis barnehage
- Hjelp til å skaffe bustad
- Ei av Norges beste pensjonsordningar i KLP
- Lønn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande tariffavtale
Søknadsfrist:
28.04.2023
Vil du vite meir om stillinga tek du kontakt med
Pleie og omsorgsleiar Nadine Gutte-Preusse Tlf 56 16 51 00
| Direkte 56 16 51 42 |