Landsbyen i havet søkjer Assistent/Fagarbeidar i Fedje skule
Me søkjer to assistentar/fagarbeidarar til Fedje skule.
Fedje skule er ein fådelt skule med elevar frå 1. til 10. trinn. Skulen har eit godt og inkluderande læringsmiljø. Inneverande skuleår har me fokus på vidare utvikling av årsplanar i tråd med Kunnskapsløftet 2020. Målsetjinga er gjennomgåande planar med tydeleg progresjon, tverrfagleg undervisning og fokus på å få inn praktisk arbeid i skulekvardagen. Fedje skule har eit tett samarbeid med barnehagen i kommunen gjennom arbeid med prosjektet «inkluderande barnehage og skulemiljø». Det vil kunne være aktuelt å arbeide i Fedje barnehage i periodar der det er behov for å auke ressursar i barnehagen.
Dine arbeidsoppgåver vil vere å
- Gje borna omsorg og tryggleik
- Vere ein god rettleiar i leik, aktivitetar og situasjonar som oppstår
- Delta i det praktiske arbeidet
- Følgje opp enkeltborn med små og store hjelpebehov
- Du er aktiv i samarbeid med kontaktlærar, lærar, andre pedagogiske leiarar, andre tilsette og føresette.
- Du bidrar aktivt i arbeidet med å sikre skulen si drift, på tvers av avdelingar, SFO og klassar
- Du samarbeider med PPT, helsesjukepleiar og andre instansar som er involvert i arbeid med borna.
- Som assistent eller fagarbeidar kan du bli tillagt ansvar for oppfølging av enkeltbarn eller barnegrupper med dei samarbeidsoppgåvene det inneber.
Dine kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid med barn er ynskjeleg, men ikkje eit krav
- Det er krav om at det vert lagt fram politiattest før tilsetjing, frå personar som i sitt arbeid er i kontakt med barn – vi viser til lovheimel som gjeld for stillinga.
Me ønskjer søkarar som
- Genuint opptatt av barn og interessert i barns utvikling og medverknad.
- Er engasjert og fleksibel
- Har erfaring med barn med spesielle behov
- Er en tydelig "voksenperson"
- Jobbar målretta, men har evne til å improvisere og ivareta barns uttrykk og innspel
- Er god på å tenke løysningar og sjå moglegheiter
- Du er profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med føresette.
- Du er sjølvstendig, ser oppgåver som må løysast og tar ansvar.
Me tilbyr
- Ein liten skule med små grupper, der du som vaksen kjem tett på barna.
- Moderne, digitale løysningar.
- Tilgang til symjehall og fleirbrukshall
- Gratis barnehage
- Hjelp til å skaffe bustad
- Ei av Norges beste pensjonsordningar i KLP
- Du vil bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, som tek godt imot nytilsette. Velkommen til oss!
Søknadsfrist: 23.4.2023
For meir informasjon kontakt gjerne fungerande rektor Stine S. Nordby, telefon 56165123