Landsbyen i havet søkjer Helsefagarbeidar eller Assistent!
Me søkjer deg som har eit ekte engasjement for eldre mennesker og ønskjer å jobbe som helsefagarbeidar eller pleiemedarbeidar på Fedje sjukeheim. Me har ledig 100 % stilling på fast basis, med hovedvekt på nattevakt. Arbeid i pleie og omsorg omfattar både sjukeheim, heimesjukepleie, omsorgsbustader, heimehjelp, og PU-teneste. Fedje sjukeheim har tolv plassar, og me har eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Pleie og omsorg har ein godt etablert kultur for kontinuerleg kvalitetsforbetring, kompetanseutvikling og refleksjon. Vegen til avgjerdene er korte, og moglegheitene for påverknad er store. Helsefagarbeidar og assistentar arbeider i ein tredelt turnus.
Arbeidsoppgåver
- Helheileg omsorg og god pleie til våre bebuarane med vekt på aktivitetar og dei gylne augeblikk
- Dokumentasjon iht. kvalitetskrav og lovverk
- Utføre øvrige rutineoppgåvar
Kompetansekrav
Våre ynskjer om deg
- Tør å ta ansvar, er positiv og løysingsorientert og likar å samarbeid
- Du har forståing for at folk er ulike og viser tolmod og ro i omgong med brukar, pårørande og kollegaer
- Ser verdien av å jobbe tverrfagleg
- Er nysgjerrig på velferdsteknologi og kunnskapsbasert praksis
- Du er oppteken av ditt eige ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø
- Du heldt deg fagleg oppdatert
- Du er oppteken av system og forbetring
Me tilbyr
- Tilsetjings- og arbeidsvilkår i tråd med tariffavtale.
- Høve til å delta aktivt i vidareutvikling av eit godt fagmiljø. Godt samarbeid og fagleg dialog på tvers av fag og einingar – me vil vere best på å vere små!
- Særs god pensjonsordning gjennom KLP
- Hjelp til å skaffe bustad - eller me har overnattingsmoglegheit for deg som pendlar
- Tre månader gratis bustad ved tilsetting
- Moglegheit for tilrettelegging av turnus
- Flyttegodtgjersle etter avtale
- Gratis bruk av symjehall
- Plass i god og trygg barnehage, eller nær oppfølging i ein liten og god skule
- Kjekke kollegaer og det gode liv i landsbyen i havet!
Søknadsfrist 28.04.2023
Nærare opplysningar får ein ved å kontakte pleie og omsorgsleiar Nadine Gutte-Preusse på 56165142 eller
nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no
Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen vår!