100% fast stilling som Rektor ved Fedje skule frå 1.8.2023
Fedje skule er ein fådelt 1 – 10 skule med ca. 60 elevar og ca. 12 undervisningsstillingar. Skulen har 4-delt barneskule og 2-delt ungdomsskule. Elevane frå 5 – 8. klasse vert tilbydd leksehjelp 2 timar pr. veke.
Fedje skule har eit godt og inkluderande læringsmiljø. Me har fokus på vidareutvikling av årsplanar i tråd med Kunnskapsløftet 2020. Målsetjinga er gjennomgåande planar med tydeleg progresjon, tverrfagleg undervisning og fokus på å få inn praktisk arbeid i skulekvardagen. Fedje skule har eit tett samarbeid med Fedje barnehage gjennom arbeid med prosjekt «inkluderande barnehage og skulemiljø». Skulen samarbeider og med resten av kommunen på førebygging knytt til born og unge, til dømes gjennom utarbeiding av oppvekstplan, skulehelsetenesta, psykisk helse og samarbeid med barnehage om SFO.
Skulen har eige symjebasseng, god dekning på elev-PC/Chromebook, smarttavlar i nesten alle klasserom og nyrenovert naturfagssal. Me har ein skule som har gode læringsresultat, eit godt elevmiljø, høgt fagleg nivå i lærarkollegiet og små klassar i eit positivt lokalmiljø. Har du lyst til å bidra til å utvikle skulen saman med engasjerte tilsette i Fedje kommune?
Fedje kommune kan tilby hjelp til å finne bustad, me har gratis barnehage, eit godt kultur og fritidstilbod for alle og eit godt oppvekstmiljø.
Administrasjonen er på 100% rektor og 80% assisterande rektor. Rektor har kommunalsjef for levekår som næraste overordna og er skoleeigar. Rektor er skulen sin administrative og pedagogiske leiar og har ansvar for fag, personale og økonomi ved Fedje skule og SFO.
Fedje skule arbeider aktivt med utviklingsarbeid. Skulen er med i utdanningsdirektoratet si treårige oppfølgingsordning. Fedje skule er ein lærande organisasjon, og skulen er aktivt med i det regionale pedagogiske utviklingsarbeidet
Vi søkjer etter ein rektor
- Som er engasjert og som brenn for elevane og deira læringsmiljø.
- Me ynskjer oss ein leiar som er trygg og utviklingsorientert, og som kan «bygge laget». Du har evne til å sjå dine medarbeidarar og er god på å motivere, utvikle meistringsklima og bygge relasjonar.
- Du utøver pedagogisk leiing gjennom tydelege føringar for skulen sitt læringsarbeid
- Du evnar å utnytte skulen sine materielle og menneskelege ressursar i ein felles retning
- Du har pedagogisk utdanning og erfaring
- Det er ynskjeleg med rektorskulen. Dette vil arbeidsgjevar legge til rette for å gjennomføre om ein ikkje har rektorskule
- Du er systematisk og har føresetnader for god ressurs- og økonomistyring, og har kunnskap om lov- og avtaleverk
- Du har god evne til skriftleg og munnleg framstilling. I Fedje kommune nyttar vi nynorsk som målform
Personlege eigenskapar som vert vektlagt
- Er tydeleg som leiar og har klare visjonar for framtidas skule
- Er nyskapande og har lyst til å vidareutvikle skulen
- Har gode samarbeidsevner, og kan skape gode relasjonar på skulen, i kommuneadministrasjonen og i lokalsamfunnet
Vi tilbyr
- Ein variert og utfordrande leiarjobb
- Lokalt og regionalt leiarnettverk
- Leiarutvikling (i utvida kommunal leiargruppe) (rektorskule om det skulle være aktuelt)
- Ein skule der elevane trivst
- Ein skule med eit godt kollegialt fellesskap og der du blir ein del av Fedje kommune sitt utvida leiarteam
- Tilgang til symjehall og fleirbrukshall
- Gratis barnehage
- Hjelp til å skaffe bustad
- Ei av Norges beste pensjonsordningar i KLP
Løn etter avtale. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Søknadsfrist 16.04.2023. Utlyst 29.03.2023
Kontaktperson: Berit Rystad telefon 906 19 328