Landsbyen i havet søkjer Sjukepleier!
Me søkjer etter sjukepleiar i 100 % fast stilling, som har fagleg tyngde, godt humør og kan vera ein positiv kraft blant dei tilsette innan pleie og omsorg.
Pleie og omsorg omfattar både sjukeheim, heimesjukepleie, omsorgsbustader, heimehjelp, og PU-teneste. Fedje sjukeheim har tolv plassar, og me har eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Pleie og omsorg har ein godt etablert kultur for kontinuerleg kvalitetsforbetring, kompetanseutvikling og refleksjon. Vegen til avgjerdene er korte, og moglegheitene for påverknad er store.
Sjukepleiarane arbeider for tida i ein todelt turnus med beredskapsvakter knytt til seinvakt og kvar tredje helg. Jobben er utfordrande fagleg sett, då me både har eldre bebuarar, men også medisinsk oppfølging av andre grupper som treng behandling lokalt inkludert augeblikkeleg hjelp døgnseng (ØDH).
Arbeidsoppgåver
- Nødvendig helsehjelp, samt personlig bistand under stell, pleie, medisinsk behandling og dokumentasjon etter gjeldende lovverk
- Observere, vurdere og iverksette nødvendige tiltak, samt evaluere sykepleien til den enkelte pasient
- Samarbeide med pårørende og samhandling med interne og eksterne instanser
- Sykepleiefaglig ansvar for avdelingen og institusjon for øvrig
- Delta i utvikling av egen arbeidsplass/arbeidssituasjon samt delta i veiledning og opplæring av kollegaer/studenter
- Medansvar for en forsvarlig forvaltning av avdelingens ressurser
- Kjenne til og etterleve rutiner i gjeldende kvalitetssystem
Kompetansekrav
- Fullført sjukepleiarutdanning, offentlig godkjent med autorisasjon.
- Norskkunnskapar på min. nivå B1
- Har sertifikat til personbil
- Gyldig politiattest
Våre ynskjer om deg
- Tør å ta ansvar, er positiv og løysingsorientert og likar å samarbeide
- Du har forståing for at folk er ulike og viser tolmod og ro i omgang med brukar, pårørande og kollegaer
- Ser verdien av å jobbe tverrfagleg
- Er nysgjerrig på velferdsteknologi og kunnskapsbasert praksis
- Du er oppteken av ditt eige ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø
- Du heldt deg fagleg oppdatert
- Du er oppteken av system og forbetring
Me tilbyr
- Høve til å lære og utøve kunnskapsbasert sjukepleie, og delta aktivt i vidareutvikling av eit godt fagmiljø. Godt samarbeid og fagleg dialog på tvers av fag og einingar – me vil vere best på å vere små!
- Tilsetjings- og arbeidsvilkår i tråd med tariffavtale.
- Særs god pensjonsordning gjennom KLP
- Hjelp til å skaffe bustad - eller me har overnattingsmoglegheit for deg som pendlar
- Tre månader gratis bustad ved tilsetting
- Moglegheit for tilrettelegging av turnus
- Flyttegodtgjersle etter avtale
- Tilgang til symjehall og fleirbrukshall
- Ei av Norges beste pensjonsordningar i KLP
- Plass i god og trygg barnehage (gratis), eller nær oppfølging i ein liten og god skule
- Kjekke kollegaer og det gode liv i landsbyen i havet!
Søknadsfrist 28.04.2023
Nærare opplysningar får ein ved å kontakte pleie og omsorgsleiar Nadine Gutte-Preusse på 56165142/46846011 eller
nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no
Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen vår!