For skuleåret 2023/2024 har Fedje skule ledige et tal lærarstillingar. Både faste og vikariat.
Fedje skule er ein fådelt skule med elevar frå 1. til 10. trinn. Skulen har eit godt og inkluderande læringsmiljø. Inneverande skuleår har me fokus på vidare utvikling av årsplanar i tråd med Kunnskapsløftet 2020. Målsetjinga er gjennomgåande planar med tydeleg progresjon, tverrfagleg undervisning og fokus på å få inn praktisk arbeid i skulekvardagen. Fedje skule har eit tett samarbeid med barnehagen i kommunen gjennom arbeid med prosjektet «inkluderande barnehage og skulemiljø».
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i klasse og mindre grupper.
- Undervisning på ulike trinn (mellomtrinn og ungdomstrinn) og i fag etter behov ved skulen
- Kontaktlærar eller faglærar
- Samarbeid med kollegaer og i team med vekt på å auke læringa til elevane og for å utnytte og styrke kompetansen i personalet
- Samarbeid med føresette og eksterne samarbeidsinstansar
- Delta aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærerutdanning for 1. - 7. årstrinn eller 5.-10. årstrinn. Eller tilsvarande godkjent utdanning for undervisning i grunnskulen. Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT.
- Me søkjer lærarar som har undervisningskompetanse i ulike fag. Lærarar med undervisningskompetanse i engelsk, naturfag, KRLE, praktisk estetiske fag kan bli prioriterte.
- God kompetanse innan klasse- og læringsleiing
- God relasjonskompetanse
- God IKT-kompetanse og nytter digitale verktøy i undervisninga
- Gode norskferdigheiter, både munnlig og skriftleg. Tenestespråket i Fedje kommune er nynorsk.
Personlege eigenskapar
- Du har eit sterkt personleg engasjement og klart fokus på elevane si læring
- Evne til å ta initiativ og bygge gode relasjonar
- Har et positivt elevsyn og evne til å vise omsorg og gi tryggleik
- Du er ansvarsbevisst, fleksibel og har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du trivast med teamarbeid og er ein god bidragsytar i teamet
- Positiv og løsningsorientert
- Godt humør
- Du er personleg eigna
Me tilbyr
- Du vil bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, som tek godt imot nytilsette. Velkommen til oss!
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Tilgang til symjehall og fleirbrukshall
- Gratis barnehage
- Hjelp til å skaffe bustad
- Ei av Norges beste pensjonsordningar i KLP
Søknadsfrist 23.04.2023
Nærare opplysningar får ein ved å kontakte fungerende rektor Stine S.Nordby på telefon 56165123.
For tilsetjing innan skule, vert det stilt krav om politiattest.