Bli kjent med landsbyen i havet!
Brenn du for berekraftig samfunnsutvikling og vil være med å gjere ein forskjell?
Me søkjer ein kommunalsjef som kan jobbe tverrfagleg for å vidareutvikle samfunnet på Fedje. Fedje kommune har auke i folketalet, ny og spennande næringsutvikling og eit stort lokalt engasjement. Her kan du gjere ein forskjell, og vere med på å omsette planar og politikk til konkrete resultat.
Stillinga har ansvar for overordna samfunnsplanlegging, berekraftig samfunnsutvikling og tilrettelegging for næringsutvikling. Det vil omfatte både overordna planlegging (samfunns- og arealplanlegging) i tett samarbeid med kommunedirektøren og utabeiding av politiske saker på fagfeltet. Samstundes er det praktiske oppgåver som sakshandsamar knytt til plan- og bygningslova og arbeid med byggesaker, delesaker og dispensasjonar i tett dialog med innbyggjarar. I tillegg vil stillinga ha ansvar for bygge/investeringsprosjekt og det overordna ansvaret for kommunale bustadar.
Stillinga inngår i toppleiinga i kommunen saman med kommunedirektøren, kommunalsjef for HR/forvaltning og kommunalsjef for levekår. Teamet skal arbeide strategisk i utvikling av kommunen, og praktisk gjennom driftsoppgåver. Gode samarbeidsevner og vilje til å jobber tverrfaglig og å hjelpe kvarandre, vil være viktig for å lukkast i ein liten kommune som Fedje. Dette gir gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling.
Vi ser for oss at du har teknisk innsikt og kompetanse, planfagleg bakgrunn og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning og planlegging. Det er ynskjeleg med kunnskap om miljøarbeid. Kommunalsjefen skal vere pådrivar i å vidareutvikle kommunen i eigen sektor og gjennom arbeidet i leiargruppa. Stillinga medfører mykje kontakt med regionale mynde, næringsliv og publikum. Me ynskjer og at du bidreg til omdømmebygging og synleggjering av kommunen.
Du er oppteken av samarbeid og medverking både innad i kommunen og med eksterne samarbeidspartar. Du evner å motivere og byggje nettverk, og trivst i ei utadretta rolle. Me forventar god forståing for politiske prosessar, og samspelet mellom politikk og administrasjon. Du jobbar strukturert og har ein inkluderande leiarstil. Stillinga er ny, og du vil sjølv få kunne være med å utforme stillinga. Det vil være aktuelt å legge til rolla som assisterande kommunedirektør (stedfortreder for kommunedirektør) til ein av dei to kommunalsjefstillingane.
Ansvar
- Ansvarleg for budsjett-, økonomi- og personal innen teknisk etat og eigedom
- Overordna ansvar for kommunale bygg og anlegg, samt kyrkje og gravplass
- Ansvar for organisering og planlegging av investeringar i bygg og anlegg
- Ansvar for politiske saksframlegg samt være kommunen sin rådgjevar innan næringsutvikling
- Leie teknisk etat i samarbeid med teknisk fagleiar
- Utarbeiding av kommunale planar og ansvar for planprosessar
- Følgje opp avtale om kart og oppmålingstenester samt landbrukstenester
- Beredskapsansvarleg samt ansvar for kommunalt oljevern
- Oppfølging av interkommunal renovasjon (NGIR)
- Kommunen sin representant i diverse interkommunale og regionale prosjekt
Ønska bakgrunn
- Du har relevant høgare utdanning
- Det er ynskjeleg med erfaring frå kommunal sektor og leiarerfaring
- Du har god samfunnsforståing og gjerne erfaring frå planarbeid/byggesakshandsaming
- Du har god forståing for kommunal forvaltning og offentleg verksemd
- Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid på tvers av sektorar
- Du har god generell IKT-kompetanse
- God munnleg og skriftleg kommunikasjons- og framstillingsevne
Me byr på
- Ei interessant leiarstilling med varierte oppgåver med korte beslutningslinjer
- Nærleik til innbyggjarane, oppgåver og resultat
- Engasjerte medarbeidarar som brenn for innbyggjarane sitt beste
- Eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer i nyrenoverte lokale
- Å vera ein del av landsbyen i havet med storhavet og naturen tett på, gode naboar og eit aktivt kultur- og friluftsliv
- Hjelp til å skaffa bustad, gratis barnehageplass i ein aktiv barnehage, og eit godt oppvekstmiljø.
- Me tilbyr hybride kontorløysingar med delvis heimekontor om det er eit ønske
- Me tilbyr leiarutvikling
- Løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
Søknadsfrist 23.04.2023
For meir informasjon ta kontakt med kommunedirektør Berit Karin Rystad på telefon 906 19 328, Hege Solbakken Partner Bønes Virik på telefon 911 04 141 eller partner Liv Braathen på telefon 488 49 499. Stillinga er omfatta av Offentleglova.
Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen i havet!