By using this website you agree to our use of cookies. Read more about our use of cookies and how to remove or block them in our cookie notice.
Er du journalisten som vil vere med å styrke digitalposisjonen vår? Ein journalist som er i stand til å fortelje historier med nye digitale verkemiddel, som kan filme, redigere og sende direkte frå store og små hendingar i vårt dekningsområde?
Då kan du vere ein god søkar til stillinga som journalist i Norges største nynorskavis. Rett kandidat kan også bli ein av fire frontsjefar i Firda.
Firda skal vere best på nyheiter i vårt område. Difor er vi på jakt etter deg som er engasjert og nysgjerrig, med vilje til å stå på. Du er glad i å snakke med folk, har teft for nyheiter og evnar å sjå gode vinklingar. Vi har sterk vekst på mobil og nett, og vi ser etter ein journalist som kan bidra til å styrke denne satsinga. Det betyr at du har god digital forståing og er oppdatert på nye publiseringsformer.
I Firda får du ein utfordrande og variert kvardag der du får jobbe med alle slags stoffområde. Vi lovar kjekke kollegaer som jobbar godt i lag for å gjere Firda til ei viktig lokalavis i lokalsamfunna vi dekker.
Som journalist i ei lokalavis er du førebudd på varierte arbeidsoppgåver. Du jobbar sjølvstendig med eigne idear, likar høgt arbeidstempo, skriv god nynorsk og har førarkort på bil.
Du jobbar frå Førde og i stillinga inngår helge- og turnusarbeid.
Les meir om kvardagen som digital journalist i Firda her .
Nøkkelord | Digital journalistikk, Journalist |
Bransjekategori | Media / Informasjon / PR |
Bransje | Journalistikk |
Arbeidsgiver | Firda Media AS |
Firdavegen 12 | |
6800 FØRDE | |
Nettside | www.firda.no |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | Fortløpende |
Arbeidsplass | Førde |
Tittel | Journalist |
Sektor | Privat |
Omfang | Fast |
Antall stillinger | 1 |
Kai Aage Pedersen Ansvarlig redaktør kai.aage.pedersen@firda.no +4797055202 |
Marie Havnen Utviklingsredaktør marie.havnen@firda.no +4741630884 |